2020-10-10-Hovda-00136-CR2_DxO_DeepPRIME-3

Informasjonskveld

Velkommen til

Informasjonskveld

  • Gymsalen, Bygdahuset på Bjoa
  • Torsdag 12. februar
  • Kl. 18.00 - 20.00

Vurderer du montessoriskule for barnet ditt?

Hausten 2026 startar Vindafjord Montessoriskule opp med 1.–7. trinn – ein friskule bygd på montessoripedagogikken, der meistring, fellesskap, sjølvstende og lærelyst står i sentrum.

Me er ein leksefri heildagsskule med felles skulelunsj kvar dag, og aldersblanda elevgrupper, som gir rom for både fordjuping og vidare progresjon.

Torsdag 12. februar inviterer me føresette som har barn i barnehage- og grunnskulealder til ein uformell informasjonskveld.


Du får høyre meir om

  • Kva montessoripedagogikk er – og korleis den skil seg frå offentleg skule
  • Korleis skuledagen vil sjå ut hos oss
  • Praktisk informasjon om skulen, bygget og søknadsprosessen
  • Høve til å stille spørsmål

Du skal heller ikkje sjå bort frå eit par eksplosive eksperiment, som set tonen for vitskapleg utforsking på skulen.

Kvelden er heilt uforpliktande – kom for å bli kjent og få svar på det du lurer på.