Vi bad om 15-20 dugnadsfolk, og så dukka det opp nærmare 40!
Torsdag 29. januar hadde vi fyrste dugnadskveld på skulebygget og det vart ein fantastisk begynnelse på dugnadsvåren!
Stor takk til alle som hjalp til! Både skulebygg og bygdasenter har fått ei grundig opprydding. Ein del ting har gjort si gjerning og blir kasta, mykje blir tatt vare på, OG ein del kjem for sal på Bjoa Bygdeutviklingslag (BBU) sin loppemarknad og auksjon nokså snart!
Bli med!
Informasjon om dugnadsøkter framover blir lagt ut i Spond. Lenke til gruppa på Spond: https://spond.com/invite/XVUWC
Når du trykker på lenka, må du be om å bli medlem (vi godkjenner fortløpande).
App er valfritt: du kan vera med utan å lasta ned appen også. Då får du info på e-post. Men ver merksam på at første e-post frå Spond kan hamna i søppelpost. Sjekk gjerne der om du ikkje får den.
I Spond (appen) ligg det ei avstemming der du kan trykka deg inn i éi eller fleire grupper du ønsker å delta i. Om du heller vil, kan du senda Marianne ei melding med kva for ei gruppe du ønsker å vera med i, så fikser ho det! Nr: 93603306, mail: marianne.cederlov@gmail.com



