Vindafjord Montessoriskule har oppstart hausten 2026. Skulen er basert på montessoripedagogikken, og ligg på Bjoa i Vindafjord kommune. Vårt mål er å sikre eit variert opplæringstilbod og pedagogisk mangfald, slik at foreldra får større valfridom i valet av skule for borna sine.
Læraren fungerer som ein tilretteleggjar, rettleiar og observatør, i staden for ein tradisjonell instruktør. Skulen må ha ein pedagogisk personale som er godkjende for undervisning etter Montessori-prinsippa.
Sensoriske material
Montessoripedagogikken brukar spesialutvikla material som stimulerer sansane og fremjar praktisk læring.
Aldersblanding
Montessoripedagogikken
ser fordelar og gevinstar av å ha barn i ulike aldrar i same gruppe. Fleire
årskull deler same klasserom.
Anerkjend læreplan
Montessori Norge har utvikla læreplanen, som er bygd på LK20 og godkjent av Utdanningsdirektoratet. Elevane har same nasjonale prøvar og eksamen som i offentleg skule. Det gjer det mogleg å byte mellom den offentlege grunnskulen og ein skule med Montessori-pedagogikk.