Me har fått med oss eit fantastisk team av lærarar. Her kan du bli litt betre kjend med dei!
Gina har brei og solid erfaring frå skule og barnehage, i dei fleste roller frå assistent til rektor. Etter montessoriutdanninga i Italia på slutten av 90-talet har ho vore med på å hjelpt mange nystarta montessoriskular i gang.
Ho er ei ekte eldsjel som brenn for montessoripedagogikken, for friskular, for bygda og for gode oppvekstmiljø. I tillegg har me blitt ganske godt kjend med ho - sidan ho har følgt oss med råd og støtte heilt sidan sommaren i fjor. Gina er kunnskapsrik, løysingsorientert, modig, varm, jordnær og svært tilgjengeleg – eigenskapar me set høgt i oppbygginga av den nye skulen vår.
Med over 30 års erfaring som montessoripedagog får me inn ein lærar med solid fagleg tyngd og stort engasjement for barna si læring og utvikling.
Marianne har i tillegg brei erfaring og formell kompetanse som profesjonell operasongar og teatervitar. Det betyr at kreativitet, formidling og skaparglede òg vil få ein viktig plass i skulekvardagen. Her kan tema som verdsrommet og steinalderen bli levande gjennom små teaterstykke, utforsking og undring.
Ho blir skildra som ein formidlar med evne til å engasjera alle typar elevar, og som eit oppkome av kunnskap. Ikkje minst trivst ho med å ta elevane med ut på utforsking i nærmiljøet.
Trygve og familien flytta frå Stavanger til Bjoa for å prøvebu i fjor sommar. Det kan sjå ut til at første halvår ikkje har skremt dei frå tanken om «det gode liv» på landet!
Sjølv om montessoripedagogikken er ny for Trygve, har han rikelig erfaring frå friskular på sørsida av fjorden. Han har utmerka seg som ein kjemperessurs og har eit stort engasjement for elevane si læring og trivsel.
Ved første augnekast kan Trygve oppfattast som seriøs, varm og stillferdig, men ryktene seier at han også er full i tøys og gøy! Ingen tar utkledningsoppgåver så høgtidleg som Trygve!
Monica er engasjert Bømlo-patriot og bur der saman med familien sin. Men ho brenn òg for montessoripedagogikken! Så når ho til hausten er ferdig utdanna montessoripedagog, er me glade for at ho vil dela jobben på Bømlo med nokre dagar i veka hjå oss!
Ho har mange års erfaring frå store og små skular. I tillegg til lærarutdanninga har ho blant anna skrive master om lese- og skriveopplæring. Ho trivest best når ho får jobba kreativt og praktisk med elevane – helst ute!
Me har høyrt frå fleire uavhengige kjelder at Monica er ein lærar av beste kvalitet. Så her er me sikre på at me har gjort eit kupp!
Me er så heldige å få med oss Silje Lundal Eintveit! Ho er ein vassekte italiautdanna Montessoripedagog (det ikkje utan kudos i montessorimiljøet).
Silje og familien hennar flyttar tilbake til Etne seinare i vår, etter ein del år i Oslo. Silje kjem opprinneleg frå Åkrafjorden, er lærar og montessoripedagog, og har jobba mange år ved ein av landets eldste montessoriskular: Montessoriskolen Lyse.
Ho blir skildra som ein pedagog med stor faglig styrke, humor og som ei dame som tydeleg bringer noko inn i eit lag!
Mange av oss kjenner allerede Håvard godt, gjennom mange år i arbeid med barn i Vindafjord og Etne kommune. Nå gler me oss til resten av dykk skal blir kjent med han!
Han er ein svært stødig barnehagelærar med mykje spesialpedagogisk erfaring og kompetanse - og han er agronom! Det står respekt av over 30 års erfaring frå arbeid med barn og unge, og som tidlegare speidar trivst han nok aller best når læringa kan skje ute.
Håvard kjem inn med det som kanskje er verdas beste referanse frå tidlegare elevar: «alle barn skulle hatt ein Håvard»
