2022-05-18-untitled-00050-CR2_DxO_DeepPRIME

Søkje skuleplass


Søknadsprosessen

Du kan søkje skuleplass ved å opprette ein brukar i søkerportalen vår og legge inn søknad for barnet. Dersom du søkjer for fleire born, så må du lage ein brukar for kvart barn. Bruk di e-postadresse og barnet sitt fødselsnummer. Passord vert sendt deg på e-post.

Skulen vil sjå gjennom søknaden og sende deg ei stadfesting på at den er motteken, og om det ev. er noko som manglar.

Rett etter søknadsfristen vil me gjere inntak og sende ut tilbod om skuleplass. Svarfrist vil vere 21 dagar.

Ta gjerne kontakt med oss viss det er noko du lurer på (post@vindafjordmontessori.no).

Gå til søkerportal/søknadsskjema

Søknadsfristen for å vere med i hovudinntaket for skuleåret 2026/2027 var 2. mars 2026 kl 23:59
MEN; DET ER FRAMLEIS MOGLEG Å SENDE INN SØKNAD TIL LEDIGE PLASSAR 🙂
Me kjem til å ha eit 2. inntak med frist 20. juli 2026 kl 23:59.


Inntak skjer i samsvar med inntaksreglementet vårt, som du kan lese under her.

Inntaksreglement for Vindafjord Montessoriskule AS


Vindafjord Montessoriskule AS er ein friskule godkjend etter lov om private skolar med rett til statstilskot (privatskolelova). Dette inntaksreglementet tar difor utgangspunkt i det privatskolelova seier om inntak av elevar jf. privatskulelova § 3-1. Inntaksreglementet skal til ei kvar tid vere publisert på skulen si nettside.

§ 1 Inntak

Som friskule har Vindafjord Montessoriskule AS heile landet som inntaksområde, og skulen er open for alle søkjarar som fyller vilkåra for inntak i tilsvarande offentlege skular jf. privatskulelova § 3-1 første ledd, og som har rett til opplæring i grunnskule, jf. opplæringslova § 2-1.

§ 2 Generelle reglar om inntaket

Styret ved skulen fastset kor mange elevar som kan gjevast inntak til starten av kvart skuleår. Slikt vedtak skal gjerast før inntaket startar. Inntaksgruppa skal avgjere kva søkjarar som vert teke inn som elevar ved skulen.

§ 3 Kunngjering

Innan 1. februar kvart år skal informasjon om inntak ved Vindafjord Montessoriskule AS gjerast kjend på skulen si nettside. Det skal informerast om søknadsfrist og kva klassetrinn det kan søkjast på.

§ 4 Søknad

Søknad til skulen skal skje på fastlagt skjema, som vert publisert på skulen si nettside, eller som ein får ved å vende seg til skulen.

Søknadsfristen er for det komande skuleåret sett til 1. mars. Dersom dette er ein heilagdag vert fristen forlenga til fyrste kvardag etter 1. mars. Etter denne fristen handsamar skulen fortløpande dersom det er ledige plassar. Søkjarar som søkjer etter søknadsfristen og fram til 15. juni blir prioritert etter søkjarar som søkte innan søknadsfristen.

Inntak vert gjeve for heile skuleløpet som vert tilbydd ved skulen, og elevar ved skulen treng ikkje søkje på ny kvart skuleår.

I tilfelle der søknadstalet er lågt, kan styret vedta å utsetje inntaket. Ny frist skal i så fall snarast gjerast kjend på skulen si nettside, og søkjarar som allereie har send inn søknad skal få melding om den nye fristen.

§ 5 Prioritering av søkjarar når det er fleire søknader enn plassar

Dersom skulen har fleire søkjarar enn det skulen har plassar/kapasitet til å ta inn, vil følgjande prioriteringsgrunnlag bli lagt til grunn for inntaket, i oppsett rekkefølgje:

1. Søkjarar som bur geografisk nærast skulen, målt etter lengda (ikkje tid) på skuleveg.

2. Søkjarar med sysken på skulen.

Viss fleire søkjarar har lik prioritet, skal rekkefølgja avgjerast ved loddtrekking.

§ 6 Venteliste

Etter hovudinntaket utarbeidar inntaksgruppa ei prioritert venteliste i samsvar med inntakskriteria i § 5. Denne vert lagt fram ved førespurnad. Dersom det i løpet av skuleåret vert ledig plass ved skulen, skal ventelista bli lagt til grunn for nye inntak. § 7 Handsaming av søknadane Etter søknadsfristen skal dagleg leiar ved skulen gå gjennom søknadane og utarbeide ei skriftleg tilråding om hovudinntak, samt ei prioritert venteliste. Denne innstillinga skal leggjast fram for inntaksgruppa som gjer endeleg vedtak om inntak.

Inntaksgruppa består av dagleg leiar og ein annan tilsett eller medlem av styret, utpeikt av styret. Skulen si leiing konstituerer vara når ein av medlemmane i inntaksgruppa er ugild. Styret skal få orientering om inntaksgruppa sine vedtak, på fyrste styremøte etter at vedtaket er fatta.

Inntaksgruppa fører referat frå sine møter, som vert underskrive av gruppa sine medlemmer.

§ 8 Melding om inntak

Melding om inntak eller plass på prioritert venteliste skal gjevast innan seks veker etter at søknadsfristen gjekk ut. Søkjarar som har fått tilbod om inntak skal gjevast minst tre veker frist til å gi tilbakemelding om dei tar i mot plassen.

§ 9 Klagerett

Vedtak om inntak eller avslag på skuleplass skal grunngjevast. Etter privatskolelova §3-1, sjette ledd er vedtak om (både inntak og avslag) er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova § 2 og søkjaren har klagerett. Departementet, ved Statsforvaltaren, er klageinstans. Klage skal sendast via skulen som er det forvaltningsorganet som har fatta vedtaket.

§ 10 Endring av inntaksreglement

Inntaksreglementet kan endrast av styret i Vindafjord Montessoriskule AS, i samsvar med privatskulelova § 5–2 andre ledd bokstav d.



Vedtatt av styret 28.1.25