Søkje skuleplass
Søknadsprosessen
Fleire har teke kontakt og spurt om korleis dei kan søkje skuleplass for sine born.
Søknadsskjema vil opne 1. februar 2026
Søknadsfrist for skuleåret 2026/2027 er 2. mars 2026 kl 23:59.Inntak skjer i samsvar med inntaksreglementet vårt, som du kan lese under her.
Inntaksreglement for Vindafjord Montessoriskule AS
Vindafjord Montessoriskule AS er ein friskule godkjend etter lov om private skolar med rett til
statstilskot (privatskolelova). Dette inntaksreglementet tar difor utgangspunkt i det
privatskolelova seier om inntak av elevar jf. privatskulelova § 3-1. Inntaksreglementet skal til ei
kvar tid vere publisert på skulen si nettside.
§ 1 Inntak
Som friskule har Vindafjord Montessoriskule AS heile landet som inntaksområde, og skulen er
open for alle søkjarar som fyller vilkåra for inntak i tilsvarande offentlege skular jf. privatskulelova
§ 3-1 første ledd, og som har rett til opplæring i grunnskule, jf. opplæringslova § 2-1.
§ 2 Generelle reglar om inntaket
Styret ved skulen fastset kor mange elevar som kan gjevast inntak til starten av kvart skuleår.
Slikt vedtak skal gjerast før inntaket startar. Inntaksgruppa skal avgjere kva søkjarar som vert
teke inn som elevar ved skulen.
§ 3 Kunngjering
Innan 1. februar kvart år skal informasjon om inntak ved Vindafjord Montessoriskule AS gjerast
kjend på skulen si nettside. Det skal informerast om søknadsfrist og kva klassetrinn det kan
søkjast på.
§ 4 Søknad
Søknad til skulen skal skje på fastlagt skjema, som vert publisert på skulen si nettside, eller som
ein får ved å vende seg til skulen.
Søknadsfristen er for det komande skuleåret sett til 1. mars. Dersom dette er ein heilagdag vert
fristen forlenga til fyrste kvardag etter 1. mars. Etter denne fristen handsamar skulen fortløpande
dersom det er ledige plassar. Søkjarar som søkjer etter søknadsfristen og fram til 15. juni blir
prioritert etter søkjarar som søkte innan søknadsfristen.
Inntak vert gjeve for heile skuleløpet som vert tilbydd ved skulen, og elevar ved skulen treng ikkje
søkje på ny kvart skuleår.
I tilfelle der søknadstalet er lågt, kan styret vedta å utsetje inntaket. Ny frist skal i så fall snarast
gjerast kjend på skulen si nettside, og søkjarar som allereie har send inn søknad skal få melding
om den nye fristen.
§ 5 Prioritering av søkjarar når det er fleire søknader enn plassar
Dersom skulen har fleire søkjarar enn det skulen har plassar/kapasitet til å ta inn, vil følgjande
prioriteringsgrunnlag bli lagt til grunn for inntaket, i oppsett rekkefølgje:
1. Søkjarar som bur geografisk nærast skulen, målt etter lengda (ikkje tid) på skuleveg.
2. Søkjarar med sysken på skulen.
Viss fleire søkjarar har lik prioritet, skal rekkefølgja avgjerast ved loddtrekking.
§ 6 Venteliste
Etter hovudinntaket utarbeidar inntaksgruppa ei prioritert venteliste i samsvar med
inntakskriteria i § 5. Denne vert lagt fram ved førespurnad.
Dersom det i løpet av skuleåret vert ledig plass ved skulen, skal ventelista bli lagt til grunn for nye
inntak.
§ 7 Handsaming av søknadane
Etter søknadsfristen skal dagleg leiar ved skulen gå gjennom søknadane og utarbeide ei skriftleg
tilråding om hovudinntak, samt ei prioritert venteliste. Denne innstillinga skal leggjast fram for
inntaksgruppa som gjer endeleg vedtak om inntak.
Inntaksgruppa består av dagleg leiar og ein annan tilsett eller medlem av styret, utpeikt av styret.
Skulen si leiing konstituerer vara når ein av medlemmane i inntaksgruppa er ugild. Styret skal få
orientering om inntaksgruppa sine vedtak, på fyrste styremøte etter at vedtaket er fatta.
Inntaksgruppa fører referat frå sine møter, som vert underskrive av gruppa sine medlemmer.
§ 8 Melding om inntak
Melding om inntak eller plass på prioritert venteliste skal gjevast innan seks veker etter at
søknadsfristen gjekk ut. Søkjarar som har fått tilbod om inntak skal gjevast minst tre veker frist til
å gi tilbakemelding om dei tar i mot plassen.
§ 9 Klagerett
Vedtak om inntak eller avslag på skuleplass skal grunngjevast. Etter privatskolelova §3-1, sjette
ledd er vedtak om (både inntak og avslag) er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova § 2 og
søkjaren har klagerett. Departementet, ved Statsforvaltaren, er klageinstans. Klage skal sendast
via skulen som er det forvaltningsorganet som har fatta vedtaket.
§ 10 Endring av inntaksreglement
Inntaksreglementet kan endrast av styret i Vindafjord Montessoriskule AS, i samsvar med privatskulelova § 5–2 andre ledd bokstav d.
Vedtatt av styret 28.1.25