
Søknad om oppstart er no til handsaming hjå Utdanningsdirektoratet og me håpar på oppstart hausten 2026.
Vindafjord Montessoriskule AS
Ei gruppe foreldre i Vindafjord ynskjer å starte ein friskule for borna i kommunen. Me oppfattar at Vindafjord kommune ynskjer å vere ein kommune som er utvikling, med mål om å trekkje til seg nye innbyggjarar og styrke dei ni bygdene kommunen består av. Me ynskjer å vere med på å sikre eit variert opplæringstilbod ved å starte denne friskulen. Stiftarane ynskjer å framheve at det er behov for eit pedagogisk mangfald i kommunen, samstundes som me trur at ein friskule på Bjoa kan bidra med tilflytting og god påverknad på andre samfunnsnyttige område.
Kva lokale skulen skal driftast i er ikkje avgjort, og me jobbar med fleire gode, konkrete alternativ.
Kva seier lova?
Å kunne velje ein alternativ skule for borna sine, er ein menneskerett! Det har Noreg slått fast, og har forplikta seg på gjennom fleire internasjonale konvensjonar:
I Noreg er det gjennom Lov om private skolar med rett til statstilskot (privatskolelova), gitt rom for å etablere friskular som alternativ til den offentlege skulen. Skular som driv undervisninga etter prinsippa til Montessoripedagogikken, vert her gjeve godkjenning fordi det er ei anerkjent pedagogisk retning.
Kva er ein Montessoriskule?
Montessoripedagogikken er altså ein internasjonalt anerkjent undervisningsmetode som set eleven i sentrum. Metoden vart utvikla av Maria Montessori. Den fremjar sjølvstende, meistring og læringsglede:
Korleis kan ein Montessoriskule styrkje Vindafjord?
Pedagogisk mangfald og kvalitet
Vindafjord kommune har i dag ingen skular som er eit alternativ til den offentlege grunnskulen. Me meiner difor at skulen vil vere eit verdifullt pedagogisk supplement til det skuletilbodet som kommunen allereie har.
Ved å leggje til rette for ein friskule kan Vindafjord posisjonere seg som ein kommune som prioriterer pedagogisk kvalitet og mangfald. Den offentlege grunnskulen i Vindafjord er god, men me ynskjer å gi foreldre fleire valmoglegheiter og gjere det mogleg å velje eit pedagogisk tilbod som passar deira barn.
Auka attraktivitet og tilflytting
Vindafjord er ein variert og mangfaldig kommune, og dette mangfaldet er ein verdifull ressurs. For å skape attraktive, trygge og inkluderande lokalsamfunn, må kommunen byggje vidare på særtrekka til både tettstadane og dei meir spreidd bygde områda. Målet er å gjere det godt å bu, leve og jobbe her.
I kommuneplanen står det at Vindafjord har fleire arbeidsplassar enn innbyggjarar, noko som fører til netto innpendling til kommunen. Dette gjev eit stort potensiale til å få fleire til å busette seg i kommunen, dersom det opplevast attraktivt å bu i den. Kommunen har difor ei viktig rolle i å utvikle lokalsamfunn, både gjennom næringsutvikling, bustadområde, kulturtilbod og kommunale tenester.
Å etablere ein Montessoriskule i Vindafjord meiner me vil visa at Vindafjord er ein framtidsretta kommune. Tilbodet vil vere med på å gjere kommunen meir robust, med fleire tilbod og bein å stå på. Eit val om friskule gjer kommunen aktuell for potensielle tilflyttarar . Dette støttar i stor grad måla i kommuneplanen om berekraftig vekst, eit attraktivt bumiljø og eit mangfaldig skuletilbod.
Eit sentralt mål i kommuneplanen er trygge, inkluderande og lærande oppvekstmiljø. Dette er ein del av satsingsområda «Attraktive lokalsamfunn» og «Framtidsretta tenester».
Ein Montessoriskule vil støtte opp under dette målet og vere i samsvar med strategiane i kommuneplanen:
Ein Montessoriskule kan:
I ei kartlegging gjort i regi av Bjoa Bygdeutviklingslag hausten 2024, såg ein ei positiv trend på Bjoa, med fleire unge som ynskjer å etablere seg i bygda. I kartlegginga vart det kartlagd at det er 30 unge som enten nett har etablert seg i bygda, eller som har konkrete planar om flytta til bygda dei komande åra.
Initiativet til friskule kom etter kommunen sitt vedtak om å leggje ned Bjoa skule frå hausten 2025. Etter at tankane om ein Montessoriskule vart løfta fram og dei føresette fekk sett seg inn i kva ein Montessoriskule er, har interessa har vore stor.
Så langt er det 31 born (pr. 1.2.25) frå 1-12 år der dei føresette har stadfesta at dei er interessert i å starte på Vindafjord Montessoriskule. Dette er i hovudsak elevar som går på Bjoa skule i dag, men òg nye tilflyttarar frå mellom anna Etne, Karmøy, Stavanger og Oslo. Informasjon om mogleg Montessoriskule er berre gitt lokalt på Bjoa, så ein reknar med at det òg vil vere noko interesse i nærliggjande bygder. Viss ein får godkjenning, vil ein ved oppstart hausten 2026 kunne ha minst 21 elevar i 1.-7. trinn, men samtalar med fleire interessentar tyder på at det kan bli enno fleire.
Kva vil me med skulen?
I vår bruk av Montessori-pedagogikken og læreplanen, ynskjer me på Vindafjord Montessoriskule å ha særskilt fokus på desse områda: