2022-05-18-untitled-00050-CR2_DxO_DeepPRIME

Ofte stilte spørsmål

Her prøver me å gi svar på spørsmål me ofte får. Finn du ikkje svaret her, så ta gjerne kontakt med oss.

Skulen skal halde til i lokale til tidlegare Bjoa skule, Bjoavegen 1333, 5584 Bjoa. Dette er i Vindafjord kommune.


Me totalrenoverer lokala og skal vere klar til skulestart hausten 2026.

Me legg ikkje opp til at det skal vere skulepengar, men det vil vere betaling for mat i skuletida. Prisen på dette vert fastsett om ikkje så alt for lenge.


Friskular får ikkje lov til å bruke statstilskotet på lunsj til elevane, slik dei offentlege skulane kan. Difor er me nøydd til å ta ein eigenbetaling for lunsj. Eigenbetalinga skal dekke råvarer, kjøken- og kantinelokale, samt personale i mattida.

Det er heimkommunen til eleven som gjer vedtak om skuleskyss. Dei generelle reglane gjeld.


Avstand
Avstanden mellom skule og heim må overstiga:
- 2 km for 1. årstrinn i grunnskulen
- 4 km for 2. til 10. årstrinn i grunnskulen


Særskilt farleg skuleveg
Elevar i grunnskulen som har ein spesielt farleg eller vanskeleg skuleveg, har du rett til fri skuleskyss uavhengig av kor stor avstanden er. Dette gjeld òg om ein har nedsett funksjonsevne eller er mellombels skadd eller sjuk.

Søknadsskjema vil opne 1. februar. Sjå meir på denne sida: https://vindafjordmontessori.no/om-skulen/sokje-skuleplass/.

Me følgjer læreplanen for Montessoriskulen, som er utarbeida av Montessori Norge og godkjend av Utdanningsdirektoratet.

Du kan laste ned læreplanen her: https://montessorinorge.no/wp-content/uploads/2021/05/Montessori_laereplan_2020_nynorsk_skjerm.pdf.

Nei, det er det ikkje. Alle born er velkomne, uavhengig av kva tidlegare barnehage eller skuletilbod dei har hatt. Montessoripedagogikken passar for born med ulik bakgrunn og tilnærming til læring.

Me planlegg for at me skal vere ein to-delt skule. Det betyr at elevar frå ulike årstrinn vert organiserte i større aldersblanda grupper – til dømes 1.–4. og 5.–7. klasse samla. Dette gir barna høve til å lære med og av kvarandre, og det fremjar samarbeid, sjølvstende og respekt på tvers av alder.

Nei. Me er ein heildagsskule og kjem ikkje til å ha lekser. Elevane skal få gjort unna skulearbeidet sitt i skuletida, og ha ettermiddagen fri til leik, vener og fritidsaktiviteter.

Dersom det vert stor nok etterspurnad etter SFO, så vil me vurdere å tilby dette.