Ofte stilte spørsmål
Her prøver me å gi svar på spørsmål me ofte får. Finn du ikkje svaret her, så ta gjerne kontakt med oss.
Skulen skal halde til i lokale til tidlegare Bjoa skule, Bjoavegen 1333, 5584 Bjoa. Dette er i Vindafjord kommune.
Me legg ikkje opp til at det skal vere skulepengar, men det vil vere betaling for mat i skuletida. Det blir felles lunsj, frukt og drikke kvar dag. Prisen er kr. 700,- pr månad (halv pris i august og juni).
For oss er det viktig å understreke at vi ikkje ynskjer å skape eit økonomisk skilje mellom potensielle søkjarar. Vindafjord Montessoriskule skal vere ein skule for alle. For familiar med låg inntekt vil det vere mogleg å søkje om redusert betaling, på liknande måte som ein kan gjere gjennom kommunen for redusert foreldrebetaling i barnehage og SFO. Gjennom ei stipend- og moderasjonsordning ønskjer vi å sikre at økonomi ikkje skal vere til hinder for å velje skulen.
Det er heimkommunen til eleven som gjer vedtak om skuleskyss. Dei generelle reglane gjeld.
Avstand
Avstanden mellom skule og heim må overstiga:
- 2 km for 1. årstrinn i grunnskulen
- 4 km for 2. til 10. årstrinn i grunnskulen
Særskilt farleg skuleveg
Elevar i grunnskulen som har ein spesielt farleg eller vanskeleg skuleveg, har du rett til fri skuleskyss uavhengig av kor stor avstanden er. Dette gjeld òg om ein har nedsett funksjonsevne eller er mellombels skadd eller sjuk.
Ta kontakt med skulen for å få oversendt aktuelle buss-/taxiruter.
Sjå meir på denne sida: https://vindafjordmontessori.no/om-skulen/sokje-skuleplass/.
Me følgjer læreplanen for Montessoriskulen, som er utarbeida av Montessori Norge og godkjend av Utdanningsdirektoratet.
Du kan laste ned læreplanen her: https://montessorinorge.no/wp-content/uploads/2021/05/Montessori_laereplan_2020_nynorsk_skjerm.pdf.
Nei, det er det ikkje. Alle born er velkomne, uavhengig av kva tidlegare barnehage eller skuletilbod dei har hatt. Montessoripedagogikken passar for born med ulik bakgrunn og tilnærming til læring.
Me planlegg for at me skal vere ein skule utan trinndeling. Det betyr at elevar frå ulike årstrinn vert organiserte i større aldersblanda grupper. Dette gir barna høve til å lære med og av kvarandre, og det fremjar samarbeid, sjølvstende og respekt på tvers av alder.
Nei. Me er ein heildagsskule og kjem ikkje til å ha lekser. Elevane skal få gjort unna skulearbeidet sitt i skuletida, og ha ettermiddagen fri til leik, vener og fritidsaktiviteter.
Skueln er open og serverer frukost frå kl 8.45 kvar dag. Alle må vere på plass til undervisninga startar kl 8.30 kvar dag og skuledagen er ferdig 14.30 kvar dag.
Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring. Skulen har nulltoleranse for mobbing, vald, diskriminering, trakassering og andre krenkjande handlingar.
Vi arbeider aktivt kvar dag for å skapa eit inkluderande og godt læringsmiljø der alle elevar skal kjenna seg trygge, verdsette og respekterte. Arbeidet skjer i nært samarbeid mellom elevar, føresette og tilsette.
Dersom ein elev ikkje opplever skulemiljøet som trygt og godt, har skulen plikt til å undersøka saka og setja inn nødvendige tiltak. Vi tek alle meldingar og bekymringar på alvor.
Vi oppmodar elevar og føresette til å ta kontakt med kontaktlærar eller rektor dersom det er bekymring for trivsel, utestenging, mobbing eller andre forhold som påverkar skulemiljøet. Saman kan vi bidra til at skulen er ein trygg og god stad å vera for alle.