2022-05-18-untitled-00050-CR2_DxO_DeepPRIME

Jobbe hos oss?

Vindafjord Montessoriskule har fått godkjent søknad frå UDIR, og vil ta imot elevar frå 1.-7. trinn frå hausten 2026. Med montessoripedagogikken som grunnlag, og med den varierte naturen på Bjoa som ein verdifull læringsarena, vil me skape ein skule der barn får utvikle seg heilskapleg – fagleg, sosialt og emosjonelt.


Montessoripedagogikken byggjer på barn si naturlege nysgjerrigheit og vilje til å lære. Læraren legg til rette med konkrete materiell, struktur og fridom med ansvar, slik at elevane kan utforske i sitt eige tempo. Gjennom aldersblanda grupper lærer dei å samarbeide, ta ansvar og inspirere kvarandre – og ikkje minst å bidra til fellesskapet, ein viktig del av montessorifilosofien.


Me legg vekt på livsferdigheiter som kreativitet, sjølvstende, samarbeid og fellesskap – eigenskapar som gjer barn rusta for framtida. I ei bygd og ein kommune prega av både nyskapande og tradisjonelt næringsliv, motiverte foreldre og lokalt frivillig engasjement, skal skulen vår bli ein møteplass der barn og vaksne får lære, meistre og vekse saman. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje – uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller bakgrunn. Personlege eigenskapar vert vektlagt.

I Akebakken 2025-01-09-01414

Me søkjer no etter

Rektor/dagleg leiar

Oppstart frå våren 2026 (timebasert), fulltidsstilling frå hausten 2026.

Vil du vere med å starte noko heilt nytt – og forme ein skule frå grunnen?

Her er det ingen “slik har me alltid gjort det”-løysingar. I staden får du rom til å skape, prøve ut og utvikle – med montessoripedagogikken som kompass, og med den varierte naturen på Bjoa som ein av mange rike læringsarenaer. Dette er meir enn ei rektorstilling. Du får byggje opp både struktur, kultur og læringsglede frå grunnen av. Det er ei moglegheit til å forme barndommar, setje retning for ein heil skule, prege ei bygd – og vere med på ei reise som berre så vidt har starta.

Dette får du som rektor hos oss

Du får høve til å:

  • byggje opp skulen sin pedagogiske profil og organisasjon
  • vere med på å forme kultur og læringsmiljø frå dag éin
  • ha kort veg frå ide til praksis, og sjå at initiativ raskt kan bli til handling
  • kombinere leiing med undervisning og vere tett på elevane
  • samarbeide tett med montessorinettverk, og få støtte og sparring frå erfarne rektorar som har gått vegen før deg
Me ser etter deg som
  • har godkjend lærarutdanning, gjerne med erfaring frå skuleleiing eller -utvikling
  • er interessert i montessoripedagogikken (montessoriutdanning er ein fordel,  og ønskeleg at ein byrjar med i samband med oppstart hos oss om ein ikkje alt har den)
  • trivst med å ta ansvar og jobbe praktisk – òg når planane må endrast undervegs
  • ser på leiing som ei reise i stadig utvikling – der du prøver ut, evaluerer og tilpassar, og der små steg over tid kan skape varige resultat når ein byggjer opp noko nytt
Personlege eigenskapar
  • Du er glad i folk, og får energi når barn opplever meistring og glede i læring.
  • Du har pionérånd, er løysingsorientert og likar å byggje opp noko nytt.
  • Du trivst i eit arbeidsmiljø med mykje samhald, smil og rom for utvikling – og bidrar sjølv til å skape det.
  • Du er tydeleg i leiarskapen din, men samstundes lyttande og open for innspel.
  • Du er flink med folk og kan samstundes ta ansvar for økonomi og administrasjon.
  • Du har både orden og humor – og skjønar at trivsel og praten rundt kaffitraktaren kan byggje like mykje kultur som planar og system.
Er du nysgjerrig – eller klar til å søkje?

Me håpar du tek kontakt – også om du berre vil høyre litt meir før du bestemmer deg. Me svarer gjerne på spørsmål om oppstarten, kvardagen i rolla og kva støtte og nettverk du vil få rundt deg. Om du er ein søkjar som ikkje bur i distriktet: me kan òg bistå i søk etter bustad, slik at overgangen blir enklare dersom du vel å flytte hit.

Vindafjord Montessoriskule gir økonomisk støtte til montessori-utdanning.

Ta kontakt med
Anna Klette Steinsland – tlf. 950 00 155 – post@vindafjordmontessori.no
Thomas Alvseike – tlf. 952 07 623 – post@vindafjordmontessori.no

Formelle opplysningar
  • Arbeidsgjevar: Vindafjord Montessoriskule AS
  • Arbeidsstad: Bjoa, Vindafjord kommune
  • Stillingstype: Fast. Timebasert frå våren 2026 (kan kombinerast med anna stilling), 100 % frå skulestart hausten 2026.
  • Løn: Etter avtale og gjeldande tariff
  • Politiattest: Den som vert tilsett må legge fram politiattest, jfr. Privatskolelova § 4-3.
  • Søknadsfrist: 25. januar 2026. Søknader blir vurderte fortløpande, så me oppmodar deg til å søkje tidleg.
  • Oppstart: Etter nærare avtale (gradvis frå våren 2026)
  • Søknad med CV sendast til: post@vindafjordmontessori.no

Lærar/montessoripedagog

Oppstart august 2026 – moglegheit for støtte til montessoriutdanning frå våren 2026.

Drøymer du om å vere med på å starte ein ny skule – og undervise på ein stad der barna si naturlege utforskartrong er i sentrum?

Sjå føre deg ein skulekvardag der rommet jobbar saman med barna. Eit stort, lyst læringsrom – ikkje pultar på rekke, men soner som inviterer til fordjuping, samarbeid og ro. På eit teppet får ei lita gruppe ein kort presentasjon om verdsrommet, før dei går vidare og utforskar på eiga hand. I sofakroken les to elevar, heilt oppslukte.

Det er fleire vaksne i rommet, så me har tid til rettleiing og relasjon. Ein seksåring set i gang dagens klesvask som ein naturleg del av fellesskapet, medan ein niåring tek ein liten pause ved fruktfatet før ho går tilbake til teksten sin. Stemninga er stille, men levande: eit rom der det er lov å vere nysgjerrig, konsentrert og sjølvstendig – i eit fellesskap.

Me kuttar lange tavleøkter og gir heller korte, målretta presentasjonar som set i gang tanken. Med gode spørsmål og rett materiell til rett tid får elevane utforske vidare i eige arbeid. Slik blir læringa både djupare og meir handfast – når det abstrakte gradvis blir konkret, og kvar elev får jobbe i sitt tempo, med tett vaksenstøtte når det trengst.


Vindafjord Montessoriskule søkjer lærarar/montessoripedagogar for 1.–7. trinn.

Kvifor dette er noko meir enn ein vanleg lærarjobb

Her får du høve til å:

  • vere med å byggje opp skulen sitt fagmiljø frå grunnen av.
  • skape eit læringsmiljø der meistring, ansvar og nysgjerrig utforsking står i sentrum.
  • kombinere arbeid med utdanning dersom du startar montessoriutdanning – Vindafjord Montessoriskule gir økonomisk støtte til utdanning.
  • ha småskulefordelen: kort avstand mellom ide og handling – og tett kontakt mellom lærarar, elevar og engasjerte foreldre.
  • vere del av eit fagleg nettverk av montessoripedagogar som gir støtte og inspirasjon.
Me ser etter deg som
  • har godkjend lærarutdanning for grunnskule. Me oppmodar særleg søkjarar med grunnskulelærarutdanning for 1.-7. klasse å søkje.
  • har montessorikompetanse innan anten 1.–4. trinn og/eller 5.–7. trinn.
  • eller: ønskjer å starte montessoriutdanning (nett- og samlingsbasert), noko som kan kombinerast med anna jobb fram til skulestart
  • vil vere ein del av eit lite, engasjert team som løftar kvarandre, feirar små og store sigrar – og veks og trivest i lag.
Personlege eigenskapar
  • Du får energi når barn får til noko nytt og utviklar seg vidare.
  • Du møter barn med respekt, varme og tru på deira eiga drivkraft.
  • Du trivst i eit arbeidsmiljø med mykje samhald, smil og rom for utvikling – og bidrar sjølv aktivt for å skape det.
  • Du er like komfortabel med å lage pedagogiske opplegg som å setje på kaffien.
  • Har ei positiv innstilling og er glad i å bruka naturen og nærmiljøet som ein aktiv del av skulekvardagen.
Kjenner du deg att i fleire av punkta over?

Då vil vi gjerne høyre frå deg! Har du spørsmål eller vil høyre litt meir før du søkjer, er du og velkommen til å ta kontakt.

Om du er ein søkjar som ikkje bur i distriktet: me kan òg bistå i søk etter bustad, slik at overgangen blir enklare dersom du vel å flytte hit.

Ta kontakt med
Anna Klette Steinsland – tlf. 950 00 155 – post@vindafjordmontessori.no
Thomas Alvseike – tlf. 952 07 623 – post@vindafjordmontessori.no

Formelle opplysningar
  • Arbeidsgjevar: Vindafjord Montessoriskule AS
  • Arbeidsstad: Bjoa, Vindafjord kommune
  • Stillingstype: Fast. Inntil 100 % frå hausten 2026
  • Løn: Etter avtale og gjeldande tariff
  • Politiattest: Den som vert tilsett må legge fram politiattest, jfr. Privatskolelova § 4-3.
  • Søknadsfrist: 25.01.26. Søknader blir vurderte fortløpande.
  • Søknad med CV sendast til: post@vindafjordmontessori.no