2020-10-10-Hovda-00136-CR2_DxO_DeepPRIME-3

Me har fått godkjenning!

Me er kjempeglade for at Utdanningsdirektoratet har godkjend søknaden vår og gitt oss løyve til å starte montessoriskulen!

Me takkar VARMT for alle gratulasjonar og heiarop sidan godkjenninga kom! Veldig flott at så mange støttar og viser engasjement 🙏😃 No skal vi gjera oss klare for oppstart hausten 2026!

Mange har meldt om at dei kan bidra på dugnad framover på ulike vis. Det set me VELDIG stor pris på 😃.
Me har laga ei Spond-gruppe for vidare informasjon og organisering. Her er lenke til gruppa: https://spond.com/invite/XVUWC. Når du trykker på lenka, må du be om å bli medlem (me godkjenner fortløpande).

App er valfritt: du kan vera med utan å lasta ned appen også. Då får du info på e-post. Men ver merksam på at første e-post frå Spond kan hamna i søppelpost. Sjekk gjerne der om du ikkje får den 😊 I Spond (appen) ligg det ei avstemming der du kan trykka deg inn i éi eller fleire grupper du ønsker å delta i. Om du heller vil, kan du senda Marianne ei melding med kva for ei gruppe du ønsker å vera med i, så fikser ho det! Nr: 93603306, mail: marianne.cederlov@gmail.com

Dei som alt har meldt frå om at dei vil bli med på dugnad, kan også melda seg inn i Spond for å få tilgang til informasjon og få rette grupper. Det ligg litt generell informasjon om kva dei ulike gruppene inneheld i Spond, og så kjem det fleire detaljar på plass etter kvart!

Takk til alle som vil bidra 🌱⚒️😃